Kaldestadåsen (271 moh) er eit av dei mest populære turmåla i Kvinnherad. Turmålet ligg mellom bygdene Husnes og Sunde og ein kan velge å starte turen frå forkskjellige stader rundt åsen. Frå Kaldestadåsen har ein flott utsyn mot Husnes og Husnesfjella. Andre flotte turmål er turen til Fenafjell med utsikt mot Sunde. Og har ein born med på turen er Trollskogen som ligg mellom Slettestølen og Podlen eit spanande turmål kor ein kan møte på troll i skogen.
I kartet under er dei ulike turstiane teikna inn og ein kan også klikke på dei ulike ikonene i kartet for å få opp meir informasjon og bilete.